Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  8 (Det politiske systemet i Noreg)   >  Tilleggsstoff  >  Oppdateringar
   
  8. DET POLITISKE SYSTEMET I NOREG
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Oppdateringar kap. 8

Stoltenberg III
20. oktober 2009 blei den nye regjeringa, Stoltenberg III, presentert. Regjeringa består av følgjande statsrådar:
  • Statsminister: Jens Stoltenberg (Ap)
  • Kunnskapsminister: Kristin Halvorsen (SV)
  • Kommunal- og regionalminister: Liv Signe Navarsete (Sp)
  • Utanriksminister: Jonas Gahr Støre (Ap)
  • Forsvarsminister: Grete Faremo* (Ap)
  • Finansminister: Sigbjørn Johnsen* (Ap)
  • Nærings- og handelsminister: Trond Giske (Ap)
  • Samferdselsminister: Magnhild Meltveit Kleppa (Sp)
  • Helse- og omsorgsminister: Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap)
  • Miljø- og utviklingsminister: Erik Solheim (SV)
  • Justisminister: Knut Storberget (Ap)
  • Olje- og energiminister: Terje Riis-Johansen (Sp)
  • Samordningsminister: Karl Eirik Schjøtt-Pedersen* (Ap)
  • Forskings- og høgare utdanningsminister: Tora Aasland (SV)
  • Kulturminister: Anniken Huitfeldt (Ap)
  • Landbruks- og matminister: Lars Peder Brekk (Sp)
  • Fornyings- og kyrkjeminister: Rigmor Aasrud* (Ap)
  • Arbeidsminister: Hanne Bjurstrøm* (Ap)
  • Fiskeri- og kystminister: Lisbeth Berg-Hansen* (Ap)
  • Barne-, likestillings- og inkluderingsminister: Audun Lysbakken* (SV)
*Nye statsrådar (dei andre statsrådane var også med i Stoltenberg II)


Endringar i departementsstrukturen
Frå 1. januar 2010 har fire departement fått ny struktur og navn:
  • Arbeidsdepartementet (tidligare Arbeids- og inkluderingsdepartementet)
  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (tidligare Barne- og likestillingsdepartementet)
  • Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet (tidligare Fornyings- og administrasjonsdepartementet)
  • Kulturdepartementet (tidligare Kultur- og kyrkjedepartementet)
Grunnlovsendringar
20. februar 2007 vedtok Stortinget nye grunnlovsendringar: Ei ny riksrettsordning er vedteken, og Stortingets to avdelingar Odelstinget og Lagtinget er oppheva. Det inneber ein ny prosedyre for behandling av lovsaker. No skal dei behandlast i plenum i to omgangar i Stortinget. Parlamentarismen, som tidlegare har eksistert som praksis, er no grunnlovsfesta.

Parlamentarismen i Grunnlova
Eit einstemmig Storting vedtok at parlamentarismen, som har vore konstitusjonell praksis sidan 1884, skal nedfellast i ny paragraf 15 i Grunnlova: «Einkvar som har sete i statsrådet er pliktig til å innlevere avskjedssøknad etter at Stortinget har teke avgjerd om mistillit til vedkommande statsråd aleine, eller til ei samla regjering».

Endringar i Riksretten
Lagtingets medlemmer vil ikkje lenger møte i retten som dommarar, og Odelstinget skal ikkje kunne reise ei sak for Riksrett. I den nye Riksretten vil det sitje fem dommarar frå Høgsterett og eit utval på seks lekdommarar valte av Stortinget. Ingen av dei valte medlemmene kan vere stortingsrepresentantar. Høgsterettsjustitiarius skal vere rettens president.

Odelsting og Lagting
1. oktober 2009 blei Odelstinget og Lagtinget avskaffa. Det fekk konsekvensar for lovbehandlinga i Stortinget. Tidligare blei lovsaker først behandla i Odelstinget og så i Lagtinget. I dag blir lovsaker behandla i eit samla Storting. For å hindre formelle feil ved vedtaket blir lovforslag behandla to gonger i samla Storting med minst tre dagar mellom kvar gong.

Sjå lenkjene under for meir informasjon om saka:

www.stortinget.no
www.dagbladet.no