Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  8 (Det politiske systemet i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva veit elevane om ...?
   
  8. DET POLITISKE SYSTEMET I NOREG
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva veit elevane om det politiske systemet i Noreg?

Før ein begynner med eit nytt kapittel, kan det vere interessant å sjå kva elevane veit om emnet for det aktuelle kapittelet. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal vite så mykje om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte veit dei meir enn dei trur.

Kapittel 8 handlar om det politiske systemet i Noreg. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:
  • Kva parti sit i regjering i Noreg i dag?
  • Kven er ordførar i kommunen din?

Om ein stiller desse spørsmåla til heile klassen, så greier nok elevane til saman å svare rett.

Elevane kan nok også ein del om det politiske systemet i Noreg, og i kartlegginga av kva dei kan, stiller læraren opne spørsmål, for eksempel:
  • Kva forbind dei med lokaldemokrati?
  • Kva veit dei om sentrale politiske institusjonar?

Elevane kan for eksempel samtale om spørsmåla i fellesskap i klassen eller arbeide med dei på eiga hand.

Kanskje det kan vere interessant å ta den same ”testen” i klassen etter at dei har arbeidd med kapittelet? Veit alle elevane nå kva parti som sit i regjering i Noreg i dag, og kven som er ordførar i kommunen/kommunane der dei bur? Har elevane den same kunnskapen om det politiske systemet i Noreg no, eller veit dei noko meir?