Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  8 (Det politiske systemet i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Val – ulike innfallsvinklar
   
  8. DET POLITISKE SYSTEMET I NOREG
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Val – ulike innfallsvinklar (kap. 7, 8 og 9)

Val er sjølvsagt spesielt aktuelt som emne i samfunnsfagundervisninga rett i forkant av eit stortings-, sametings- eller kommune- og fylkestingsval, men følgjande forslag til undervisningsopplegg er også særs relevant sjølv om det ikkje vil finne stad eit val i nærmaste framtid. Men om opplegget blir brukt i samband med eit val eller ikkje, er avgjerande for om ein bør ta utgangspunkt i årsplan 1 (kronologisk) eller årsplan 2 (kalenderaktuelle emne) (sjå i lærarressursen på hovudsida). Emnet er også spesielt relevant for elevane på bakgrunn av at det er like før dei får stemmerett, og kan delta i nasjonale og lokale val sjølve.

Streif gir fleire innfallsvinklar for å arbeide med val. Under følgjer ei oversikt over nokre av innfallsvinkla. Arbeidsplanen byggjer på kapittel 7, 8 og 9 i Streif, og inneheld forslag til lesestoff og oppgåver (frå både læreboka og nettressursen) til ulike tema som ein kan sjå i samanheng med emnet i ein større politisk kontekst. Lærar og elev bør velje korleis dei vil arbeide med stoffet. Å gjere alle oppgåvene i arbeidsplanen, blir nok for mykje. I word-dokumentet vil læraren også finne ei oversikt over nettstader som kan vere ei god støtte i arbeidet med val i undervisninga.