Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  8 (Det politiske systemet i Noreg)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Politiske parti og ideologiar
   
  8. DET POLITISKE SYSTEMET I NOREG
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Politiske parti og ideologiar

Læreplanen seier:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader

Forslag til undervisningsopplegg:

I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide i grupper med politiske parti og ideologiar. Kvar gruppe vel eitt politisk parti, som dei skal presentere for resten av klassen.

Produktet kan for eksempel vere ei veggavis eller ein lysbiletepresentasjon, og bør innehalde informasjon om følgjande aspekt ved partiet:
  1. Kort om historia til partiet
  2. Oppslutninga om partiet
  3. Rolla til partiet i posisjon/opposisjon
  4. Sentrale personar i partiet
  5. Kva saker som er viktige for partiet
  6. Kva ideologi(ar) partiet byggjer på, og korleis denne ideologien eller desse ideologiane viser seg i standpunkta til partiet