Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  9 (Politikk – noko for deg?)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Intervju ein politikar!
   
  9. POLITIKK - NOKO FOR DEG
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Intervju ein politikar! (kap. 8 og 9)

Læreplanen seier:

Målet for opplæringa er at elevane skal kunne
  • kunne bruke digitale verktøy i samfunnsfag inneber å gjere berekningar, søkje etter informasjon, utforske nettstader, utøve kjeldekritikk og nettvett og velje ut relevant informasjon om faglege tema. Digitale ferdigheiter vil òg seie å vere orientert om personvern og opphavsrett, og kunne bruke og følgje reglar og normer som gjeld for internettbasert kommunikasjon. Å bruke digitale kommunikasjons- og samarbeidsreiskapar inneber å utarbeide, presentere og publisere eigne og felles multimediale produkt, kommunisere og samarbeide med elevar frå andre skular og land.
  • identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader
  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet og diskutere kva som kan truge demokratiet

Desse ferdigheitene og kompetansemåla er sentrale i følgjande forslag til undervisningsopplegg. Opplegget er spesielt eigna til kapittel 8 og 9 i Streif, men avhengig av kva emne elevane fokuserer på i intervjuet, kan det også vere relevant for andre kapittel.


Forslag til undervisningsopplegg:

På nettstaden www.tinget.no blir elevar i vidaregåande skole oppmoda til å intervjue ein politikar frå heimkommunen eller heimfylket. Læraren kan dele klassen inn i grupper og la dei følgje denne oppmodinga.

Det er sjølvsagt opp til læraren om han eller ho vil kontakte tinget.no-redaksjonen, eller om læraren sjølv vil gi instruksjonar om ulike intervjuteknikkar. På den nemnde nettstaden finn elevane nyttig informasjon om ulike typar intervju, råd om førebuingar til intervjuet, sjølve intervjusituasjonen og skriving av intervju.

Intervjuet bør bli knytta opp mot eit konkret samfunnsfagleg emne – gjerne eit emne som elevane brenn for og vel sjølve. Dei kan også gjennomføre eit portrettintervju, der intervjuobjektet, ikkje emnet, skal vere i sentrum. Det er mange måtar å presentere eit intervju på. Gruppene kan for eksempel velje å skrive ut intervjuet eller lage eit mulitmedialt digitalt produkt. Gruppene viser intervjuet til resten av klassen. Etterpå kan dei samanlikne intervjua og dele erfaringar. Korleis opplevde elevane det å intervjue ein politikar?

Elevane bør kunne gjere greie for kva prioriteringar som blei gjorde i forkant av intervjuet, og kvifor nettopp desse prioriteringane blei gjorde. Kva låg bak valet av emne og intervjuobjekt? Kva låg bak valet av framstillingsform? Møtte elevane nokre spesielle utfordringar undervegs? Korleis løyste dei desse utfordringane? Korleis opplevde dei sjølve intervjusituasjonen? Er det noko dei ville ha gjort annleis dersom dei skulle ha gjennomført intervjuet på nytt?