Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  9 (Politikk – noko for deg?)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva tankar har elevane om ...?
   
  9. POLITIKK - NOKO FOR DEG
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva tankar har elevane om politisk deltaking, og kva erfaringar har dei med deltaking?

Før ein begynner med eit nytt kapittel, kan det vere interessant å sjå kva tankar elevane har om, og kva erfaringar dei har med emnet for det aktuelle kapittelet. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal ha så mange tankar om og erfaringar med eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei fleire tankar og erfaringar enn dei trur.

Kapittel 9 handlar om politisk deltaking. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:
  • Har du prøvd å påverke politikarar nokon gong? I så fall korleis?
  • Er det ei eller fleire politiske saker du kunne tenkje deg å kjempe for?

I kartlegginga av kva tankar elevane har om og erfaring med politisk deltaking, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel samtale om spørsmåla i fellesskap i klassen eller arbeide med dei på eiga hand:


A) Klassesamtale

Læraren ber elevane ”tenkje høgt” og komme med tankane og erfaringane sine til kvart spørsmål. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer stikkord.

B) Individuelt arbeid

Læraren ber elevane ta for seg dei to igangsetjingsspørsmåla og notere ned stikkord. Etterpå skal elevane fortelje om erfaringane og presentere stikkorda sine for resten av klassen.

Har elevane ulike erfaringar med politisk aktivitet og ulike svar på kva sak(er) dei kunne tenkje seg å kjempe for, eller skil resultata seg lite frå kvarandre?