Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  9 (Politikk – noko for deg?)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Lage ei meiningsmåling
   
  9. POLITIKK - NOKO FOR DEG
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Lage ei meiningsmåling om partival

Læreplanen seier

I samfunnsfag forstår ein grunnleggjande ferdigheiter slik:
  • Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å behandle og samanlikne talmateriale om faglege tema, og å bruke, tolke og lage tabellar og grafiske framstillingar. Rekning i samfunnsfag handlar òg om å gjere undersøkingar med teljing, bruke målestokk på kart og rekne med tid

Forslag til undervisningsopplegg:

Ei enkel form for undersøking er ei politisk meiningsmåling. I dette forslaget til undervisningsopplegg skal elevane arbeide i grupper, og lage ei meiningsmåling om partival.

Spørsmålet dei skal stille, er:

Dersom du skulle stemme ved Stortingsvalet i dag, kva parti ville du stemme på?

Elevane må bli samde om kven meiningsmålinga skal omfatte. Skal ho gjelde for elevar på skolen? Skal dei spørje folk på kjøpesenteret, på bensinstasjonen, eller på ein annan stad? I alle tilfelle er det viktig å lage eit representativt utval dersom dei vel ei gruppe der dei ikkje kan spørje alle.
Gruppene lager eit skjema der dei set opp variablar som for eksempel kjønn, alder og yrke, ut frå kva samanhengar dei vil seie noko om. Etterpå presenter dei resultatet for medelevane ved hjelp av ei grafisk framstilling eller ein tabell. Dersom det er fleire som har undersøkt same gruppe og med same variablar, kan det vere interessant å sjå om de har komme fram til same resultat. Diskuter verdien av meiningsmålingar i klassa som ei oppsummering.

Læraren må hjelpe elevane med å gjennomføre meiningsmålinga. Kanskje stoffet under ”Metode og statistikk” i lærarressursen på hovudsida kan vere til hjelp når han eller ho skal lose elevane gjennom ein plan for undersøkinga?

Ei undersøking må ha ei eller fleire problemstillingar. I dette tilfellet er problemstillinga å sjå kor stor oppslutning dei ulike partia får i ei bestemt gruppe, for eksempel i alle Vg2-klassene på skolen, på heile skolen eller blant folk elevane møter på kjøpesenteret. Kanskje vil elevane samanlikne to grupper, for eksempel elevar på Vg1 og på Vg3. Elevane kan også formulere ein hypotese og prøve å finne ut om det for eksempel er slik at eldre stemmer meir konservativt enn yngre.

Dersom det er elevar i vidaregåande skole som skal undersøkjast, gir utvalet av personar som skal spørjast, seg sjølv. Dersom utvalet skal vere representativt, må elevane finne ut kva som er representativt for den gruppa dei vil undersøkje. Da er det eigenskapane til dei som skal undersøkjast, som er viktige. Det kan også vere behov for å dele inn deltakarane i undersøkinga i kategoriar, for eksempel Vg2-elevar, eldre (det vil seie personar over 60 år), osv.

Så må elevane finne ut korleis dei skal samle inn data, altså kva for ein undersøkingsmetode dei vil bruke. Skal dei lage spørjeskjema på papir? Skal dei lage ei undersøking på Internett? Skal dei hente inn munnlege svar og notere dei ned? Her er det ulike vurderingar som må gjerast. Dei må for eksempel tenkje over om spørsmålet som blir stilt, er sensitivt, og om dei dermed kanskje ikkje får eit ærleg svar. Er det slik at somme vil synast det er ugreitt å fortelje ein elev kva for eit parti dei stemmer på? Kanskje. Da vil spørjeskjema som er anonyme, vere ei betre løysing enn munnleg registrering av svara.

Elevane kan sjølvsagt utvide undersøkinga til å ta opp fleire spørsmål enn kva for eit parti folk vil stemme på. Dei kan for eksempel spørje folk om kva dei stemde ved det førre stortingsvalet, for dermed å kunne seie noko om utvikling og tendens. Dei kan spørje om kva saker som er viktige for det valet folk gjer. Det er viktig å presisere at spørsmåla må vere nøytrale, og at dei bør krevje korte svar. Spørsmåla må ikkje vere leiande («Du stemmer vel ikkje Venstre?»), dei må vere eintydige og det må vere gitt klare svaralternativ – avkryssing med alternativ er greitt å telje opp i ettertid.

Når alle data er samla inn, må dei teljast og systematiserast. Det er problemstillingane og variablane som avgjer korleis systematiseringa blir. Her må elevane prøve og feile seg fram. Etter at resultata er talde opp, må elevane bli samde om presentasjonsform. Skal dei lage ein tabell eller ei anna form for figur?

Til slutt må elevane gjere seg nokre tankar om det dei har funne ut – dei må analysere materialet. Da må dei sjå resultatet i lys av problemstillinga eller problemstillingane. Har undersøkinga gitt svar på det dei spurde om? Er svara som forventa? Er hypotesen stadfesta?


Nettstader:

Frå nettsidene til valforskar Bernt Aardal om meiningsmålingar.

Nettstaden testen.no er ei side der du kan lage dine eigne undersøkingar av meir eller mindre seriøs karakter. Morosamt og ein grei måte å lære å lage ei undersøking på.

Aftenpostens partibarometer. Her kan du klikke deg inn og sjå utviklinga til dei politiske partia.