Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  11 (Eg i arbeidslivet)   >  Oppgåver   >  Nettoppgåver  >  Kva har sjefen lov til?
   
  11. EG I ARBEIDSLIVET
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva har sjefen lov til?

Under finn du ei lenkje til ein artikkel frå Datatilsynet om kva arbeidsgivaren kan og ikkje kan tillate seg overfor dei tilsette ved tilsetjing og i arbeidet.
  1. Kva kan arbeidsgivarar krevje opplysningar om i eit jobbintervju, og kva kan dei ikkje spørje om?
  2. Kva kan arbeidsgivarar krevje svar på frå arbeidstakarar når det gjeld forhold til rus og alkohol?
  3. Kan arbeidsgivarar lese dei tilsette sine private e-postar og filer?
  4. Kan arbeidsgivarar overvake det arbeidstakarar gjer på Internett?
  5. Kan arbeidsgivarar publisere opplysningar om dei tilsette på Internett?
  6. Kan arbeidsgivarar gjere opptak av dei tilsette sine telefonsamtalar?
  7. Når kan arbeidsgivarar overvake arbeidsplassen med kamera?
  8. Meiner du arbeidsgivarar har for store rettar til å kontrollere arbeidstakarane?
  9. Har arbeidsgivarar behov for dei rettane dei har? Kom med eksempel på situasjonar der du meiner arbeidsgivarar har behov for slike rettar.
  10. Kan nokon av dei rettane arbeidsgivarar har, misbrukast? I så fall korleis? Kom med eksempel.