Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  11 (Eg i arbeidslivet)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Intervjue ein arbeidslaus
   
  11. EG I ARBEIDSLIVET
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Intervjue ein arbeidslaus

Læreplanen seier

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på
  • reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag


”For dei fleste er arbeidet ein stor del av kvardagen, både når det gjeld tidsbruk og innhald. Først og fremst gir arbeidet faste inntekter. Det er også ein sosial arena, og dei fleste opplever det som ein viktig del av livet. Å miste jobben blir derfor av mange opplevd som ei stor krise. Arbeidsløyse er også eit samfunnsproblem, fordi arbeid er avgjerande for verdiskaping i landet. Det er derfor viktig for samfunnet å vite kva som skaper arbeidsløyse, og kva tiltak som kan setjast inn for å motverke at folk blir arbeidslause.” (Streif, s. 156)


Forslag til undervisningsopplegg:

Emnet for følgjande forslag til undervisningsopplegg er arbeidsløyse. Det er ikkje statistikkar og tal på arbeidslause som skal stå i fokus, men dei personlege historiene og erfaringane. Gjennom å intervjue ein arbeidslaus kan elevane kanskje få eit lite innblikk i korleis det er å vere utan arbeid.

Å vere arbeidslaus kan vere ei stor psykisk belastning. Derfor er det viktig at læraren presiserer for elevane at dei må vere svært bevisste på kva spørsmål dei stiller i intervjuet, og ikkje minst på kva måte dei stiller spørsmåla. Elevane bør også reflektere over kva andre omsyn dei bør ta. Er intervjuobjektet for eksempel komfortabel med å stå fram med fullt namn (og bilete), eller å bli filma? Eller ønskjer han eller ho som blir intervjua, å vere anonym? Korleis bør dei møte til moglege intervjuobjektar? Kjenner elevane nokon som er utan arbeid, som dei kan spørje om er villige til å stille opp til eit intervju? Eller kanskje læraren eller elevane kan ta kontakt med det lokale NAV-kontoret og høre om dei har høve til å formidle kontakten med ein arbeidslaus? Alternativt kan elevane lage eit fiktivt intervju, basert på kva dei allereie veit om korleis det er å vere arbeidslaus, kva dei har lært i samfunnsfagundervisninga og artiklar om emnet på nett.

Elevane har kanskje allereie arbeidd med intervjuteknikkar i norskfaget? Viss ikkje, eller eventuelt som ein oppfriskning av kva dei tidlegare har lært, kan opplegget begynne med ein samtale om intervjuteknikkar/kva dei bør tenkje på når dei skal intervjue nokon. Læraren noterer stikkord, og lagar ei hugseliste med punkt som elevane skal ta med seg vidare i arbeidet med intervjuet.

Undervisningsopplegget passar best som eit gruppearbeid. Kvar gruppe vel sjølv kva dei vil leggje vekt på i intervjuet, og formulerer spørsmål etter kva dei ønskjer å finne ut. Moglege innfallsvinklar kan for eksempel vere den økonomiske situasjonen til han eller ho som er arbeidslaus, årsaker til at dei er arbeidslause, kva dei gjer for å fylle dagane, kva dei eventuelt gjer for å komme tilbake til arbeidslivet, eller korleis dei opplever det å vere utan arbeid.

Saman med intervjuobjektet må gruppene også avgjere om dei skal velje ei skriftleg eller digital framstillingsform av intervjuet.