Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  11 (Eg i arbeidslivet)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Ein god jobbsøknad – kva er det?
   
  11. EG I ARBEIDSLIVET
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Ein god jobbsøknad – kva er det?

Læreplanen seier:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag

Fleire av elevane i klassen har sikkert erfaringar frå deltidsarbeid gjennom året eller feriejobbar. Likevel er det ikkje sikkert at så mange av dei har erfaring med å skrive jobbsøknad og lage CV.

Det er truleg fleire av elevane som ønskjer å begynne i arbeid med éin gong dei er ferdige med vidaregåande skole, eller som ønskjer å spare opp litt pengar før dei begynner å studere. Eller kanskje nokre av dei har tenkt å søkje på ein deltidsjobb eller ein sommarjobb i nærmaste framtid? Da kan det vere nyttig å ha litt trening i å skrive jobbsøknad og presentere ein skikkeleg CV, og å få gode råd om kva dei bør tenkje på viss dei blir kalla inn til eit jobbintervju.


Forslag til undervisningsopplegg:

Undervisningsopplegget kan begynne med ein felles diskusjon i klassen om kva element ein god jobbsøknad og ein CV bør innehalde, og korleis ein bør skrive ein jobbsøknad/CV. Deretter får elevane i oppdrag å velje ut ein stillingsannonse til ein jobb som dei skal skrive ein jobbsøknad og CV til. Her er det opp til elevane sjølve om dei vel ein annonse til ein utlyst jobb som er retta mot skoleungdommar, til ein potensiell ”drømmejobb” i framtida, eller om dei vel ein heilt annan stillingsannonse. Det viktigaste i følgjande forslag til undervisningsopplegg er at elevane får eit meir bevisst forhold til kva ein god jobbsøknad/CV er, og at dei får trening i å skrive jobbsøknadar og CV’ar.

Under har vi samla fleire lenkjer med forslag til kvar elevane kan finne stillingsannonsar på nettet. Det kan også vere ein god idé å sjekke i papirutgåva av lokalavisa om dei har ei oversikt over utlyste stillingar der. Kanskje det er ein bestemt dag i veka som stillingsannonsar blir publiserte? Elevane kan eventuelt skrive ein open søknad til ein arbeidsplass der dei kunne tenkje seg å arbeide. Da vil nettstaden til denne arbeidsplassen vere ei nyttig kjelde for informasjon i utforminga av søknaden.

Etterpå kan læraren eventuelt be nokre av elevane om å presentere stillingsannonsen, jobbsøknaden og CV’en for resten av klassen. Inneheld søknaden og CV’en dei elementa som klassen blei einige om på førehand at ein god jobbsøknad/CV bør innehalde? Verkar søkjaren motivert for jobben? Kjem det fram om han eller ho som har søkt på jobben, har dei kvalifikasjonane som stillinga krev i følgje stillingsannonsen? Ville dei andre elevane i klassen ha innkalt denne søkjaren til intervju viss dei var arbeidsgivaren? Kvifor/kvifor ikkje?

Når ein søkjer på ein jobb, er det ikkje nok å skrive ein god jobbsøknad/CV. Viss ein blir kalla inn til eit jobbintervju, er det også viktig å gjere eit godt inntrykk i intervjusituasjonen. Derfor kan det vere ein god idé å avslutte undervisningsopplegget med å diskutere i fellesskap i klassen (eller i grupper) kva det er viktig å tenkje på når ein skal på eit jobbintervju. Alternativt kan læraren dele klassen inn i grupper og be dei om å lage eit rollespel om eit vellykka eller mislykka jobbintervju.


Nettstader:

Nettstaden til NAV

Nettstaden til Finn

Nettstaden til Manpower

Nettstaden til deltidsjobb.no

Nettstaden til Sommerjobbsentralen

Nettstaden til LOs Sommerpatrulje - "vaktbikkja for ungdom i arbeidslivet"

Oversikt over norske nettaviser

Hvordan finne sommerjobb”. Artikkel frå ung.no med mange nyttige tips om korleis ein kan finne ein (sommar)jobb, og kva ein søknad og CV bør innehalde

Tips til skriving av jobbsøknad og CV frå Ungdomsinformasjonen.
Her finn du også ein mal for søknad og CV

Nettstaden til Karrieresenteret ved Universitetet i Oslo

Slik vinner du jobbintervjuet”. Artikkel frå Aftenposten

"Ta sommerjobben på alvor". Artikkel frå Dagsavisen

"Vanskelig å få sin første jobb". Artikkel frå Dagsavisen