Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  11 (Eg i arbeidslivet)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva tankar har elevane om ...?
   
  11. EG I ARBEIDSLIVET
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva tankar har elevane om arbeidslivet?

Før ein begynner med eit nytt kapittel, kan det vere interessant å sjå kva tankar elevane har om emnet for det aktuelle kapittelet. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal ha så mange tankar om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei fleire tankar og meiningar om eit emne enn dei trur.

Kapittel 11 handlar om arbeidslivet. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:
  • Kva vil du ta omsyn til når du skal velje utdanning eller yrke?
  • Kva vegar står opne i arbeidsmarknaden der du bur?

I kartlegginga av kva tankar elevane har om arbeidslivet, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel diskutere spørsmåla i fellesskap i klassen eller arbeide med dei på eiga hand:


A) Klassediskusjon

Læraren ber elevane ”tenkje høgt” og komme med tankane sine til kvart spørsmål. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer ein god del stikkord som utgangspunkt for ein felles diskusjon.

Kanskje det også kan vere interessant å stille dei same spørsmåla til elevane etter at dei har arbeidd med kapittelet? Kva tankar har dei no om kva dei bør ta omsyn til når dei skal velje utdanning eller yrke, og kva vegar som står opne i arbeidsmarknaden der dei bur? Er svara dei same, eller har elevane endra oppfatning?

B) Individuelt arbeid

Læraren ber elevane ta for seg dei to igangsetjingsspørsmåla og notere ned stikkord. Etterpå skal elevane presentere stikkorda sine for resten av klassen.

Har elevane omtrent dei same tankane om kva omsyn dei vil ta når dei skal velje utdanning eller yrke, og kva vegar som står opne i arbeidsmarknaden der dei bur, eller skil resultata seg sterkt frå kvarandre?