Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  12 (Eg er gründer)   >  Oppgåver  >  Nettoppgåver  >  Ungt entreprenørskap og satsing på ein karriere
   
  12. EG ER GRÜNDER
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Ungt entreprenørskap og satsing på ein karriere

  1. Kvifor trur du BI (Høyskolen Bedriftsøkonomisk Institutt) satsar på samarbeid med elevar som har starta ungdomsbedrifter?
  2. Kvifor satsar regjeringa på å støtte organisasjonen Ungt Entreprenørskap?
  3. Kor mange elevar som har delteke i ei ungdomsbedrift, startar firma seinare i karrieren?
  4. På kva måte kan det vere lønnsamt for bankane å formidle bedriftskonto til ungdomsbedrifter?
  5. Eleven Odd Einar vann pris for beste seljar og beste leiar i Akershusmeisterskapa for ungdomsbedrifter. Premiane han fekk, var ein dag med ein næringslivstopp og deltaking på ein konferanse for unge leiarar i Canada. Førestell deg at du er Odd Einar, skriv dagbok frå dagen med næringslivstoppen og konferansen i Canada. Legg vekt på nyttige erfaringar å ta med vidare i yrkeslivet.