Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  12 (Eg er gründer)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Innovasjon og design
   
  12. EG ER GRÜNDER
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Innovasjon og design

Læreplanen seier:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag

Ei undersøking blant 100 leiarar av store norske bedrifter, viser at heile 87 prosent av dei meiner at design er viktig for næringslivet i Noreg. I undersøkinga, som er gjennomført av Medialect på vegner av Norsk Designråd, svarer 77 prosent at design er viktig også for deira bedrift.

Norsk Designråd arrangerer kvart år konkurransen ”Unge Talenter”. Konkurransen rettar seg mot studentar ved norske og utanlandske designhøgskolar, uansett designprofesjon.


Forslag til undervisningsopplegg:

Arrangere konkurransen ”Unge Talentar” i klassen!


Før elevane set i gang med undervisningsopplegget, kan dei diskutere i fellesskap i klassen kva betydning design har for bedrifter. På denne måten vil elevane også setje i gang tankeprosessar om emnet, som dei kan ta med seg i det vidare arbeidet med prosjektet.

Spørsmål til diskusjon i klassen:
  • Kva effekt vil god design kunne ha for bedrifter som tilbyr produkt og tenester?
Heimearbeid:
  • Be elevane finne eksempel på norske bedrifter som har lykkast med god design? Kva ligg bak suksessen til desse bedriftene?

Elevane går deretter saman i grupper. Kvar gruppe får i oppdrag å utvikle ein idé til eit produkt som dei kan delta med i konkurransen i klassen. Her er det viktig at elevane bruker mest mogleg kreativitet. Gruppene bør derfor stå svært fritt når det gjeld val av idé til produkt som dei vil utvikle, og på kva måte dei vil presentere resultatet for klassen. Gruppene bør likevel ha dei 7 prinsippa for universell utforming, som er utvikla av ei gruppe amerikanske ekspertar på området, i tankane når dei utviklar ideen:
  • Enkel og intuitiv i bruk
  • Forståeleg informasjon
  • Toleranse for feil
  • Like moglegheiter for alle
  • Fleksibel i bruk
  • Lite fysisk strev
  • Storleik og plass for tilgang og bruk
Dei nemnde prinsippa kan også vere utgangspunktet for evalueringa av dei ulike ideane.

Dersom elevane ikkje blir einige om kva gruppe som har utvikla den beste ideen, kan læraren ta avgjerda om kven som er vinnaren av konkurransen ”Unge Talentar” i klassen.


Nettstader:

Nettstaden til Norsk Designråd

Hva er unge talenter?” Frå nettstaden til Norsk Designråd om konkurransen

Lovende norsk designfremtid”. Frå nettstaden til Norsk Designråd om prisvinnarane for 2009

Slik deltar du i Unge talenter”. Frå nettstaden til Norsk Designråd om kriterium og reglar for å delta i konkurransen