Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  12 (Eg er gründer)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva kjennskap har elevane til ...?
   
  12. EG ER GRÜNDER
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva kjennskap har elevane til gründerverksemd, og kva tankar har dei om emnet?

Før ein begynner med eit nytt kapittel, kan det vere interessant å sjå kva kjennskap elevane har til, og kva tankar dei har om, emnet for det aktuelle kapittelet. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal ha så godt kjennskap til, eller så mange tankar om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei meir kjennskap til og fleire tankar om eit emne enn dei trur.

Kapittel 12 handlar om gründerverksemd. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:
  • Kjenner du nokon i nærmiljøet ditt som har etablert si eiga bedrift og lykkast med det?
  • Kva eigenskapar trur du skal til for å etablere ei bedrift?

I kartlegginga av kva kjennskap elevane har til, og kva tankar dei har om, gründerverksemd, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel diskutere spørsmåla i fellesskap i klassen eller arbeide med dei på eiga hand:


A) Klassediskusjon

Læraren ber elevane ”tenkje høgt” og fortelje om verksemda dersom dei kjenner nokon i nærmiljøet som har etablert si eiga bedrift, og komme med nokre stikkord for kva eigenskapar dei trur skal til for å etablere ei bedrift. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer ein god del stikkord som utgangspunkt for ein felles diskusjon om kva som skal til for å lykkast som gründer.

Kanskje det kan vere interessant å stille det siste spørsmålet igjen i klassen etter at dei har arbeidd med kapittelet? Kva eigenskapar trur dei no skal til for å etablere ei bedrift? Er svaret det same, eller har elevane endra oppfatning?

B) Individuelt arbeid

Læraren ber elevane ta for seg dei to igangsetjingsspørsmåla og notere ned stikkord. Etterpå skal elevane presentere stikkorda sine for resten av klassen.

Kjenner nokon i klassen nokon i nærmiljøet sitt som har etablert si eiga bedrift og lykkast med det? Har elevane dei same oppfatningane av kva eigenskapar dei trur skal til for å etablere ei bedrift, eller skil oppfatningane seg sterkt frå kvarandre?