Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  15 (Ei uroleg verd)   >  Oppgåver  >  Biletanalyseoppgåver  >  Opptøyar på Vestbreidda
   
  15. EI UROLEG VERD
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Opptøyar på Vestbreidda

OPPGÅVE 1: Jødisk nybyggjar gjer motstand mot politiet under opptøyar på Vestbreidda i februar 2006. Analyser dette fotografiet.

Foto: Scanpix/Ap Photo/Oded Balilty


  1. Beskriv med enkle ord kva du ser på biletet.
  2. Kva slags fotografi er det? Portrett? Reportasjebilete? Illustrasjon?
  3. Tolk biletet i lys av tilleggsinformasjon som gjer at vi forstår biletet. Det kan vere at vi kjenner igjen kvar biletet er teke, kven som er avbilda osv.
  4. Kva for assosiasjonar gir biletet? Kva for kjensler vekkjer fotografiet?
  5. Sjå på perspektiv/djupne og komposisjon. Korleis er biletet sett saman, og av kva for ulike element?
  6. I kva for samanheng blir biletet presentert? Korleis fungerer samspelet mellom biletet og konteksten? Kva er forholdet mellom forgrunn og bakgrunn? Kvar er fotografen plassert i forhold til motivet?

OPPGÅVE 2: Samanlikn korleis konflikten på Gazastripa våren 2009 blei dekt av medium i Noreg og Midtausten.