Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  15 (Ei uroleg verd)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Konfliktar i verda i dag
   
  15. EI UROLEG VERD
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Konfliktar i verda i dag (kapittel 14 og 15)

Læreplanen seier:

Internasjonale forhold

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  1. definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet
  2. forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
  3. gje døme på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør
  4. gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk
  5. gjere greie for EU sine mål og styringsorgan og diskutere Noreg sitt forhold til EU
  6. bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
  7. gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda
  8. gjere greie for kva som kjenneteiknar internasjonal terrorisme og reflektere over årsaker til terrorisme
  9. diskutere samanhengen mellom økonomisk vekst, miljø og berekraftig utvikling

Undervisningsopplegget er først og fremst basert på kompetansemål nummer 3 og 6 frå hovudområdet ”Internasjonale forhold” i læreplanen, men avhengig av kva konflikt elevane vel å fokusere på, kan også andre mål frå dette hovudområdet vere relevante. Det same gjeld for kva kapittel opplegget passar til. Opplegget tar utgangspunkt i kapittel 14 (”Samarbeid over grenser”) og 15 (”Ei uroleg verd”) i Streif, men kapittel 13 (”Ei verd utan grenser”) er for eksempel også relevant dersom nokon av elevane vel å fokusere på ein konflikt knytt til miljøspørsmålet eller fattigdomsperspektivet.

Sjølv om opplegget er skissert som eit gruppearbeid, kan det sjølvsagt også fungere som individuelt arbeid (da kan elevane eventuelt konsentrere seg om spørsmål 1–3 under, og sjå bort ifrå spørsmål 4).


Forslag til undervisningsopplegg:

Gruppene skal sjå nærmare på ein dagsaktuell konflikt. Det tyder at dei må velje ein konflikt som har vore omtalt i avisene i løpet av dei siste månadene. Be elevane om å undersøkje kva konfliktar som har vore omtalt i nettavisene i den siste tida.

Arbeidet skal ta utgangspunkt i dei fire spørsmåla under, og resultatet av arbeidet skal vere ein presentasjon for klassen der dei bruker kart og digitale verktøy i ei eller anna form.
  1. Gjer greie for konfliktsituasjonen: Kva partar er involverte, og kva er målet og motiva deira?
  2. Gjer greie for bakgrunnen for konflikten: Kva er årsakene til konflikten?
  3. Gjer greie for opptakten og sentrale hendingar i utviklinga av konflikten: Kva førte til ei tilspissing av konflikten - kvifor og korleis?
  4. Kva har eventuelt ført partane nærmare ei løysing på konflikten - kvifor og korleis?
  5. Korleis kan verdssamfunnet bidra til å løyse denne konflikten?

Nokre forslag til konfliktar:

Midtausten, Sri Lanka, Darfur, Irak, Afghanistan, Tibet, Colombia, urbefolkning versus storsamfunn, miljø versus økonomiske interesser.