Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  15 (Ei uroleg verd)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kamera fangar inn konfliktar
   
  15. EI UROLEG VERD
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kamera fangar inn konfliktar

Læreplanen seier

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten

Om bilettolking i Streif:

Streif gir ei rekkje ulike moglegheiter for korleis ein kan arbeide med bilete i samfunnsfagundervisninga. I læreboka finn elevane eit rikhaldig utval av bilete i kvart kapittel. Desse bileta kan elevane studere på eiga hand eller samtale om i fellesskap i klassen. Dei kan også arbeide med spørsmåla i boka som er knytte til bileta. På nettstaden til Streif er det laga biletanalyseoppgåver til utvalde kapittel til både elevane og læraren. Læraren kan dessutan finne gode tips til tolking av bilete og forslag til biletanalyseoppgåver i dokumentet Biletanalyse, skriven av Paul S. Amundsen (frilansfotograf for bl.a. Bergens Tidende), i lærarressursen på hovudsida.

I dette forslaget til undervisningsopplegg skal elevane arbeide med bilete knytte til konfliktar. Vi har vald ut nokre av bileta i Streif, og skissert tre ulike moglegheiter for korleis dei kan arbeide med dei på. Det er sjølvsagt også mogleg å bruke andre bilete frå læreboka, som er knytte til andre konfliktar. Nokre av bileta vil elevane også finne igjen i biletanalyseoppgåvene på nettstaden. I dette undervisningsopplegget er det imidlertid ikkje dei analytiske og fototekniske aspekta som står i sentrum, men først og fremst det tematiske – altså sjølve konflikten som er motivet for biletet.


Forslag til undervisningsopplegg:


Alternativ 1:

Elevane blir delte inn i grupper og får sjå bileta under.

Spørsmål til diskusjon i gruppa: Kva konfliktar er bileta henta frå?

Her kan elevane finne svaret til dei bileta dei ikkje kjenner løysinga til, ved å leite seg fram til bileta i læreboka.


Alternativ 2:

Elevane blir delte inn i grupper og får sjå bileta under.

Gruppene får same spørsmålet som under alternativ 1 over: Kva konfliktar er bileta henta frå?

Ingen av gruppene, bortsett frå ei, får lov til å bruke hjelpemiddel for å finne fram til svaret. Kanskje nokon i gruppa veit kva for ein konflikt eitt eller fleire av bileta er henta frå? Viss dei ikkje veit svaret, må dei diskutere i gruppa og komme fram til eit mogleg svar på spørsmålet.

Den siste gruppa skal lage ein fasit for alle bileta ved å bruke læreboka som hjelpemiddel.

Etterpå går læraren gjennom bileta i fellesskap i klassen. Ta for dykk eitt og eitt bilete. Kva har gruppene svart på spørsmålet til dei ulike bileta? Kva gruppe hadde flest riktige svar? Gruppa som har utarbeidd fasiten, kårar ein vinnar blant gruppene i klassen.


Alternativ 3:

Elevane blir delte inn i seks grupper og får sjå eitt bilete kvar av bileta under.

Læraren ber gruppene om å finne ut mest mogleg om den konflikten biletet representerer. I tillegg bør elevane vurdere på kva måte biletet presenterer konflikten. Etterpå presenterer gruppene konflikten og biletet munnleg for klassen.


Oded Balilty / AP Photo / Scanpix
All Over Press/Getty Images/Spencer Platt


All Over Press/Dagbladet/Henning Lillegård
Scanpix/AFP/Sanka Vidanagama


AllOver Press/Dagbladet/Espen Røst
All Over Press/Magnum Photos/Stuart Franklin