Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  15 (Ei uroleg verd)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva veit elevane om ...?
   
  15. EI UROLEG VERD
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva veit elevane om internasjonale konfliktar?

Før ein begynner med eit nytt kapittel, kan det vere interessant å sjå kva elevane veit om emnet for det aktuelle kapittelet. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal vite så mykje om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte veit dei meir om eit emne enn dei trur.

Kapittel 15 handlar om internasjonale konfliktar. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:
  • Kan du finne eit eksempel på terrorhandlingar som nyleg er utførte?
  • Kva for ein væpna konflikt hørte du om i nyheitene sist?

I kartlegginga av kva elevane veit om emnet internasjonale konfliktar, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel samtale om spørsmåla i fellesskap i klassen eller arbeide med dei på eiga hand:


A) Klassesamtale

Læraren ber elevane komme med forslag til svar på kvart spørsmål, og noterer stikkord.

Kanskje det også kan vere interessant å stille dei same spørsmåla til elevane etter at dei har arbeidd med kapittelet? Er svara dei same, eller har elevane betre kjennskap til internasjonale konfliktar no? Kanskje det har blitt utført nye terrorhandlingar eller oppstått nye væpna konfliktar sidan læraren stilte dei same spørsmåla sist?

B) Individuelt arbeid

Læraren ber elevane ta for seg dei to igangsetjingsspørsmåla og notere ned forslag til svar. Etterpå skal elevane presentere forslaga sine for resten av klassen.

Trekk elevane fram dei same eksempla på terrorhandlingar som nyleg er utførte, og på kva væpna konflikt dei hørte om i nyheitene sist, eller skil eksempla seg sterkt frå kvarandre?