Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  1 (Eg og samfunnet)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Rollekonflikt - eit rollespel
   
  1. EG OG SAMFUNNET
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Rollekonflikt - eit rollespel

Læreplanen seier

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg

I kapittel 1 i Streif er rollekonflikt eit sentralt omgrep. Alle elevane har nok opplevd ein rollekonflikt eller fleire, éin eller fleire gonger, anten bevisst eller ubevisst. Det kan for eksempel ha skjedd i rolla som son eller dotter, som bror eller syster, som ven eller venninne, som klassekamerat eller klassevenninne, som skoleelev, som deltakar på eit idrettslag eller som arbeidstakar. Derfor skulle det heller ikkje vere vanskeleg for elevane å setje seg inn i emnet roller og rollekonflitk.

Rollekonflikt kan bli definert som:

når alle har ulike forventningar til deg fordi du har ulike roller i høve til dei” (Streif, s. 13)


Forslag til undervisningsopplegg:

Læraren deler elevane inn i grupper. Kvar gruppe får i oppdrag å lage eit rollespel med rollekonflikt som emne. Gruppa vel ut éin person som er utsett for minst tre sett med ulike forventningar ut frå ulike roller. Etterpå framfører gruppene rollespelet for klassen.

Spørsmål til eventuell diskusjon etter framføringa:
  • Kva gjekk rollekonflikten/-e ut på?
  • Kva ulike roller hadde han eller ho som blei utsett for rollekonflikten, i høve til dei andre personane i gruppa?
  • Korleis opplevde ”hovudpersonen” konfliktsituasjonen?
  • Fann dei som var innblanda i konflikten, ei løysing på situasjonen? Kva synest elevane i så fall om denne løysinga? Kunne konflikten ha vore løyst på ein annan måte?
  • Kunne han eller ho som opplevde rollekonflikten, ha unngått å komme i denne situasjonen? I så fall, korleis?
  • Har nokon i klassen opplevd ein liknande rollekonflikt? Fortel om opplevinga!