Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  1 (Eg og samfunnet)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva tankar har elevane om ...?
   
  1. EG OG SAMFUNNET
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva tankar har elevane om seg sjølv og rolla si i samfunnet?

Før ein begynner med eit nytt kapittel, kan det vere interessant å sjå kva tankar elevane har om emnet for det aktuelle kapittelet. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal ha så mange tankar om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei fleire tankar og meiningar om eit emne enn dei trur.

Kapittel 1 handlar om individ og roller. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:
  • Kven er du?
  • Korleis har du blitt den du er?

I kartlegginga av kva tankar elevane har om seg sjølve og rolla si i samfunnet, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel diskutere spørsmåla i fellesskap i klassen eller arbeide med dei på eiga hand:


A) Klassediskusjon

Læraren ber elevane ”tenkje høgt” og komme med tankane sine om kvart spørsmål. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer ein god del stikkord som utgangspunkt for ein felles diskusjon.

Kanskje det kan vere interessant å stille dei same spørsmåla i klassen etter at dei har arbeidd med kapittelet? Kva tankar har dei no om kven dei er, og korleis dei har blitt den dei er? Er svara dei same, eller har elevane endra oppfatning?

B) Individuelt arbeid

Læraren ber elevane ta for seg dei to igangsetjingsspørsmåla og notere ned stikkord. Etterpå skal elevane presentere stikkorda sine for resten av klassen.

Har elevane omtrent dei same oppfatningane av kven dei er og korleis dei har blitt den dei er, eller skil resultata seg sterkt frå kvarandre?