Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  1 (Eg og samfunnet)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  ”Samarbeid for arbeid”
   
  1. EG OG SAMFUNNET
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Prosjekt ”Samarbeid for arbeid” (kap. 1, 9, 10, 11 og 12)

Læreplanen seier:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
  • reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
  • gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på
  • diskutere noen etiske problemstillingar knytte til arbeidslivet
  • gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
  • forklare kva som ligg til grunn for velferdsstaten og vurdere utfordringar som velferdsstaten står overfor
  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet og diskutere kva som kan truge demokratiet
  • definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg


”Regjeringa ønskjer med "Samarbeid for arbeid" å skape engasjement og å få idear og innspel til utviklinga av politikken til regjeringa. Intensjonen med denne nettsida er å tilretteleggje for debatt og få fram synspunkt, idear og forslag. Gjennom å delta i debatten i sosiale medium eller ved å sende inn innspel direkte, vil du bidra til dette. (…)”

(Utdrag frå nettstaden til "Samarbeid for arbeid". Omsatt til nynorsk her)


Gjennom prosjektet ”Samarbeid for arbeid” rettar regjeringa eit spesielt søkjelys på desse problemområda:
  • Sjukefråvær
  • Fråfall i vidaregåande opplæring
  • Næringsutvikling
  • Berekraftig økonomi
Dette er også emne som blir omhandla i kapittel 1 (”Eg og samfunnet”), 10 (”Velstand og velferd”), 11 (”Eg i arbeidslivet”) og 12 (”Eg er gründer”) i Streif, og følgjande undervisningsopplegg eignar seg derfor godt som eit opplegg på tvers av desse kapitla. I tillegg er kapittel 10 (”Politikk – noko for deg?) relevant, i og med at det handlar om politisk deltaking og engasjement, noko som også står sentralt i prosjektet ”Samarbeid for arbeid”.


Forslag til undervisningsopplegg:

Undervisningsopplegget kan begynne med at læraren gir elevane ei kort innføring i prosjektet ”Samarbeid for arbeid”, med utgangspunkt i den informasjonen han eller ho finn på den offisielle nettstaden. Kva inneber prosjektet, kven har sett det i gang, og kva er målet?

Elevane kan deretter anten arbeide i grupper eller individuelt med eitt eller fleire av dei fire hovudemna i prosjektet. Regjeringa ønskjer altså debatt, engasjement og å få fram synspunkt på dei aktuelle emna. Det bør også vere målet med undervisningsopplegget.

Elevane får i oppdrag å kartleggje debatten rundt det valde emnet og å foreslå tiltak. På nettstaden til prosjektet finn dei mykje informasjon, men dei bør også bruke nettavisene i kartlegginga. Resultatet kan vere eit brev til statsråden for det aktuelle fagfeltet eller eit produkt der eit av dei nye sosiale media blir brukte. Ein presentasjon av resultata for resten av klassen kan kanskje vere eit godt utgangspunkt for ein felles diskusjon til slutt?


Aktuelle nettstader:

Nettstaden til prosjektet ”Samarbeid for arbeid”.

"Hvordan delta i debatten?" Frå nettstaden til prosjektet ”Samarbeid for arbeid”.

Samarbeid for arbeid”. Pressemelding frå regjeringa.no, 15. februar 2010.

Søker råd hos folket”. Artikkel frå Dagsavisen, 15. februar 2010.

Stoltenberg starter "Samarbeid for arbeid”". Artikkel frå Dagens Næringsliv, 14. februar 2010.