Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  1 (Eg og samfunnet)   >  Oppgåver   >  Sosialisering av ungdom
   
  1. EG OG SAMFUNNET
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Sosialisering av ungdom

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg


Sosialisering av ungdom

a) ”Om barna dine blir engler eller banditter som vaksne, har du som far eller mor stor innflytelse over”, viser ei ny undersøking frå Høgskolen i Bergen.
  • Er du einig i dette? Korleis kan det foreldra gjer eller ikkje gjer, føre til at ungdommar blir lovbrytarar eller ikkje?
  • I artikkelen ”Dårlig oppdragelse gir forbrytere” frå Vårt Land blir det hevda at mangel på normer og sanksjonar kan føre til at ungdom får vanskar med å takle kvardagen. Kva normer og sanksjonar kan det vere snakk om? Kva normer og sanksjonar meiner du er viktig for ungdom?
  • Er det skilnad på kva grenser foreldre set for jenter og for gutar i ungdomstida?

b) Det er ikkje lett å vere ungdom, men det er ikkje så lett å vere forelder heller. På temasidene om oppseding på nettstaden elevsiden.no finn du ei beskriving av tre ulike foreldreroller: serviceytande, iscenesetjande og kompetente foreldre.

Kva positive og negative sider ser du ved dei ulike foreldrerollene?


c) I filmklippet ”Objektiv lykke, finnes det?” blir fleire ungdommar spurde om kva lykke er for dei.

Trur du det som gjer dei lykkelege no, framleis vil gjere dei lykkelege om 30 år? Eller trur du lykke vil bety noko anna for dei seinare i livet?