Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  1 (Eg og samfunnet)   >  Oppgåver   >  Kjønnsroller
   
  1. EG OG SAMFUNNET
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kjønnsroller

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid


Kjønnsroller

I alle kulturar er det spesielle oppfatningar av kva som er kvinneleg, og kva som er mannleg. Tradisjonelt har oppgåvene til kvinnene i samfunnet vore knytte til det å ta vare på barn og heim, mens menn oftare har hatt oppgåver utanfor heimen. Likestillingstanken i vår vestlege kultur i dag har utjamna mange av skilnadene mellom kvinne- og mannsroller. Eller?

a) Ifølgje artikkelen ”Barn og kjønnsroller: jeg vil ha rosa tøfler” frå nettsida til Foreldre&Barn er det lettare for jenter å gjere guteting enn det er for gutar å gjere jenteting.

Er du einig i dette? Kva trur du årsakene til dette kan vere?


b) Kvifor er gutar og jenter ulike, og kvifor vel vi ofte ulike yrke? Er vi fødde slik eller blitt slik? Dette er spørsmål som sosiolog og komikar Harald Eia stilte i tv-serien ”Hjernevask” i 2010. Kva tenkjer du om dette?

I artikkelen ”Likestillingsparadokset” forklarer Eia og Ole Martin Ihle sitt syn på skilnader mellom kjønna. Dei seier mellom anna: ”Internasjonale spørjeundersøkingar viser at menn over heile verda er meir interesserte i å jobbe med tekniske yrke enn kvinner, mens kvinner overalt er mest interesserte i å jobbe med sosiale. Og det rare er at kvinner ofte blir mindre interesserte i å jobbe innan tekniske fag dess meir likestilt landet blir.”
  • Korleis forklarer dei dette?
  • Er du einig eller ueinig med dei?

c) Kjønnsroller varierer mellom kulturar, men ulike oppfatningar av kva som er kvinneleg og mannleg, kan også eksistere samtidig innanfor den same kulturen. Somme er meir likestilte, andre meir tradisjonelle. Kan du finne eksempel på dette frå Noreg?

For mange menn med innvandrarbakgrunn som er oppvaksne med eit meir tradisjonelt kjønnsrollemønster i sin kultur, kan den sterke vektlegginga av likestilling i det norske samfunnet vere ei utfordring. På kva måte trur du likestillinga kan by på utfordringar for desse mennene?

I artikkelen ”Åpenhjertig om kjønnsroller blant muslimske menn” frå nettsida til Kilden – informasjonssenter for kjønnsforsking, kan du lese meir om korleis mange muslimske menn i Noreg opplever dette.


d) I filmklippa ”Damer mekker bil i Afrika” og ”Møt en geisha” frå NRK kan du finne eksempel på forskjellige kjønnsroller.

Kva fortel desse klippa om kjønnsroller og om korleis kjønnsroller varierer mellom og innanfor kulturar?


e) I dag meiner dei fleste i Noreg at kvinner og menn skal ha like moglegheiter, og at alle skal kunne velje fritt. Men slik har det ikkje alltid vore. I tida etter den andre verdskrigen og fram til likestillingskampen i 1970-åra, var det vanleg at kvinner ikkje hadde lønt arbeid, men var husmødrer.

Korleis trur du det var å vere husmor i 1950- og 1960-åra? Kva positive sider hadde husmorsamfunnet? Kva negative sider ser du ved det?

I artikkelen ”Undertrykte lykkelige kvinner” frå forskning.no kan du lese meir om husmorsamfunnet.


f) I filmklippet om lykke frå NRK blir spørsmålet ”Objektiv lykke, finnes det?” stilt. Kva meiner du om det?

Trur du det er forskjell på kva lykke betyr for ulike kjønn eller for personar frå ulike kulturar?