Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  3 (Eg og mitt)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva tankar har elevane om ...?
   
  3. EG OG MITT
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva tankar har elevane om eige forbruk og økonomi?

Før ein begynner med eit nytt kapittel, kan det vere interessant å sjå kva tankar elevane har om emnet for det aktuelle kapittelet. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal ha så mange tankar om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei fleire tankar og meiningar om eit emne enn dei trur.

Kapittel 3 handlar om forbruk og personleg økonomi. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:
  • Kor mykje tente du i fjor, og kva brukte du pengane på?
  • Kva for eit ansvar har du som forbrukar?

I kartlegginga av kva tankar elevane har om forbruk og personleg økonomi, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel diskutere spørsmåla i fellesskap i klassen eller arbeide med dei på eiga hand:


A) Klassediskusjon

Læraren ber elevane ”tenkje høgt” og komme med nokre stikkord for kva dei bruker pengane sine på, og kva tankar dei har om kva ansvar dei har som forbrukar. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer ein god del stikkord som utgangspunkt for ein felles diskusjon om forbruk og etikk.

Kanskje det kan vere interessant å stille dei same spørsmåla i klassen etter at dei har arbeidd med kapittelet? Kva bruker dei pengane sine på no, og kva tankar har dei no om kva ansvar dei har som forbrukar? Er svara dei same, eller har elevane endra oppfatning?

B) Individuelt arbeid

Læraren ber elevane ta for seg dei to igangsetjingsspørsmåla og notere ned stikkord. Etterpå skal elevane presentere stikkorda sine for resten av klassen.

Bruker elevane pengane sine på det same, og har elevane dei same oppfatningane av kva ansvar dei har som forbrukar, eller skil resultata seg sterkt frå kvarandre?