Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  3 (Eg og mitt)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Set opp eit månadsbudsjett
   
  3. EG OG MITT
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Set opp eit månadsbudsjett

Læreplanen seier:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • rekne ut inntekter, planleggje pengeforbruk i ein familie ved å bruke ulike verktøy og vurdere korleis sparing og låneopptak påverkar personleg økonomi

Forslag til undervisningsopplegg:

Forbruk, sparing og budsjettføring er sentrale emne i kapittel 3 i Streif (”Eg og mitt”). I dette undervisningsopplegget skal elevane reflektere rundt desse emna gjennom å setje opp eit månadsbudsjett for ein familie. Opplegget kan både fungere som eit gruppearbeid og som individuelt arbeid. Dersom elevane arbeider med budsjettet på eiga hand, kan dei velje om dei vil setje opp eit budsjett for hushaldet heime, eller for ein fiktiv familie.

Læraren kan eventuelt gi elevane modellen for eit hushaldningsbudsjett, og be dei om å bruke han som eit utgangspunkt for budsjetta deira. Det er viktig at elevane fyller inn alle felta så nøyaktig som mogleg. I modellen er det er ei stordriftseffekt rekna til 20 %. Det vil seie at det er ein føremon når fleire bur saman, for visse utgifter (som for eksempel husleige og møblar) blir betalte per bueining.

Der elevane ikkje kjenner til summane i budsjettet, kan dei bruke SIFOs standardbudsjett.

Etterpå kan elevane samanlikne budsjetta i fellesskap i klassen:

Skil budsjetta seg mykje frå kvarande, eller er dei relativt like? Kva postar inneheld budsjetta, og kva postar skil seg mest/minst frå kvarande når det gjeld storleik. I kva grad er budsjetta realistiske? Var det vanskeleg å få balanse i rekneskapet?

Til slutt kan læraren be elevane om å reflektere rundt sparing, med utgangspunkt i budsjetta deira. Læraren kan be elevane om å sjå for seg at familien som dei har satt opp eit budsjett for ønskjer å spare penger til for eksempel ein dyr ferietur, til å kjøpe seg ei hytte, til å pusse opp badet eller til mopeden som tenåringen i huset har drøymt om lenge. Korleis kan familien spare penger til dette? Her bør elevane reflektere rundt kva som er faste og kva som er variable utgifter, og kor det er størst fleksibilitet i budsjettet.