Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  5 (Kultur)   >  Oppgåver   >  Nettoppgåver  >  Norsk kultur?
   
  5. KULTUR
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Norsk kultur?

Kva er eigentleg norsk kultur? Svaret på dette vil nok variere ut frå kven du spør. Likevel er det ein del trekk som ofte blir framheva som typisk norske. Ein måte å gå fram på for å finne ut kva som er dei dominerande oppfatningane om kva norsk kultur er, er å sjå på korleis vi presenterer oss for andre, altså for ikkje-norske.

Under finn du lenkjer til nettstader som presenterer Noreg og norsk kultur for turistar. Bruk informasjonen du finn her, til å svare på spørsmåla. Du kan også gjerne lage ein presentasjon av norsk kultur slik han framstår for turistar i Noreg.
  1. Korleis blir Noreg og norsk kultur presentert?
  2. Kva inntrykk får du av Noreg, nordmenn og norsk kultur ved å studere desse nettstadene?
  3. Kva sider av norsk kultur går ofte igjen? Bryt nokon av presentasjonane med dette biletet?

Nettstader:

Nettstaden visitnorway.com presenterer seg som offisiell reiseguide for Noreg. Her finn du informasjon om Noreg, norsk kultur, reisemål osb.

norway.com er ein engelskspråkleg nettstad med reiselivsinformasjon om Noreg

Nettstaden fjellsiden.no presenterer turisme i den norske fjellheimen

Nettstaden turtips.no presenterer moglege reiser i heile landet

Nettstaden olavsrosa.no presenterer turisme med spesiell vekt på den norske kulturarven

Nettstaden turistveg.no gir ei oversikt over dei nasjonale turistvegane i Noreg

eventyrveien.no er ein nettstad som presenterer norske vestlandsfjordar

På nettstaden discovernorway.no (i regi av Innovasjon Noreg) blir ulike reisemål i Noreg presenterte – på engelsk

Nettstaden fjordnorge.no presenterer turisme i norske fjordar

Nettstaden gonorway.no gir ein fyldig presentasjon av Noreg og norsk kultur for turistar

norway.org er den offisielle nettstaden om Noreg i USA. Her finn du informasjon om Noreg, kultur og historie og turistinformasjon på engelsk

reuber-norwegen.de - tysk reiselivsside om Noreg

Nettsidene til Hurtigruta

Nettstaden ski-norway.co.uk gir informasjon om skiturisme i Noreg. Engelsk tekst