Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  5 (Kultur)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kulturkonflikt – eit rollespel
   
  5. KULTUR
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kulturkonflikt – eit rollespel (kapittel 5 og 6)

Læreplanen seier

Kultur
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid
  • presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
  • beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn
  • forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast
  • gje døme på korleis religion påverkar samfunn og kultur

I følgjande forslag til undervisningsopplegg blir elevane utfordra til både å reflektere rundt spørsmålet om kva ein kultur er, og rundt kva som kan vere årsaka til kulturkonfliktar. Det er sentrale problemstillingar i kapittel 5 og 6 i Streif, og undervisningsopplegget passar derfor godt som eit opplegg på tvers av desse to kapitla.


Forslag til undervisningsopplegg:

Læraren deler klassen inn i grupper. Kvar gruppe får i oppdrag å lage eit rollespel der det oppstår ein konflikt på bakgrunn av eit møte mellom to (eller eventuelt fleire) kulturar. Etterpå skal gruppene presentere rollespela for resten av klassen.

For å få størst mogleg spreiing i utforminga av rollespela bør gruppene stå relativt fritt når det gjeld kulturar, konflikten/konfliktane og kva som er årsaka til konflikten eller konfliktane.

Kulturkonflikten kan for eksempel vere konfliktar mellom kulturar med ulik etnisk eller religiøs bakgrunn, mellom by- og bygdekulturar, mellom kulturar frå ulike geografiske område eller mellom kulturar baserte på ulik generasjonstilhørsle. Konflikten kan med andre ord ta utgangspunkt i ein konflikt mellom ein hovudkultur og ein delkultur, mellom ein delkultur og ein annan delkultur, eller mellom ulike undergrupper til delkulturane.

Det er opp til læraren om han eller ho vil ta ein diskusjon i klassen om kva ein kultur er, før elevane blir delte inn i grupper, eller om det skal vere opp til kvar gruppe å foreslå ein eller fleire definisjonar av "kultur".

Spørsmål til eventuell diskusjon etter framføringa av rollespelet:
  • Kva ulike kulturar var innblanda i konflikten?
  • Kva gjekk kulturkonflikten ut på? Korleis oppstod han, og kva var årsaka til konflikten?
  • Korleis opplevde dei som var innblanda i konflikten, situasjonen?
  • Fann dei ei løysing på konflikten? Kva synest elevane i så fall om denne løysinga? Kunne han ha vore løyst på ein annan måte?
  • Kunne kulturkonflikten ha vore unngått? I så fall, korleis?
  • Har nokon i klassen opplevd ein liknande kulturkonflikt? Fortel om opplevinga!