Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  5 (Kultur)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Samisk kultur
   
  5. KULTUR
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Samisk kultur


Læreplanen seier:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
  • definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid

Forslag til undervisningsopplegg:

På nettstadene under finst det mykje informasjon om samane, sett ut ifrå ulike synsvinklar. Her finst det mellom anna informasjon om:
  • samisk historie
  • samisk kultur
  • samiske språk
  • samisk religion, tro og mytologi
  • samepolitikk
  • samane som urfolk
  • dagsaktuelle saker for samane
  • samisk statistikk

Læraren deler elevane i inn grupper og ber dei om å setje seg inn i emnet samisk kultur. Gruppa vel eit tema innanfor emnet som dei vil fordjupe seg i, anten frå lista over eller eit anna.

Gruppa lagar så ein presentasjon av temaet dei har valt, som dei skal vise fram for klassen etterpå. Dei vel sjølv kva framstillingsform dei ønskjer å bruke, og som eignar seg best i forhold til det temaet dei har valt, kva ressursar dei har tilgjengelege i klassen, og kor mykje tid dei har på å utforme presentasjonen.


Aktuelle nettstader:

Sametingets nettstad for ungdom som vil lære meir om Sametinget og om samar og samepolitikk.

På nettstaden samer.no finn du mange artiklar om samiske forhold.

nettstaden til Sametinget finn du informasjon om samisk kultur, språk og historie (bruk menyen til venstre).

NRK Sameradioen finn du nyheiter om samiske forhold og aktuelle saker.

I den samiske avisa Ságat finn du artiklar om aktuelle samiske saker.

Infonuorra.no er ein nettstad for samisk ungdom.

Temasider frå Statistisk sentralbyrå om samar.

Artikkel frå Wikipedia om samane.

Ei nettutstilling frå Varanger Samiske Museum om samisk tro og mytologi.

Prosjekt frå Høgskulen i Volda om samisk mytologi.