Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  5 (Kultur)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva tankar har elevane om ...?
   
  5. KULTUR
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva tankar har elevane om kultur?

Før ein begynner med eit nytt kapittel, kan det vere interessant å sjå kva tankar elevane har om emnet for det aktuelle kapittelet. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal ha så mange tankar om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei fleire tankar og meiningar om eit emne enn dei trur.

Kapittel 5 handlar om kultur. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:
  • Kva tenkjer du på når du hører omgrepet kultur?
  • Kva er norsk kultur?

I kartlegginga av kva tankar elevane har om emnet kultur, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel diskutere spørsmåla i fellesskap i klassen eller arbeide med dei i grupper:


A) Klassediskusjon

Læraren ber elevane ”tenkje høgt” og komme med assosiasjonar til kvart spørsmål. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer ein god del stikkord som utgangspunkt for ein felles diskusjon.

Kanskje det også kan vere interessant å stille dei same spørsmåla til elevane etter at dei har arbeidd med kapittelet? Kva assosiasjonar har dei no til omgrepet kultur, og kva oppfatningar har dei no av kva norsk kultur er? Er svara dei same, eller har elevane endra oppfatning?

B) Gruppearbeid

Læraren deler klassen inn i grupper. Kvar gruppe tek for seg dei to igangsetjingsspørsmåla og noterer ned stikkord. Etterpå skal gruppene presentere stikkorda sine for resten av klassen.

Har gruppene dei same assosiasjonane til omgrepet kultur, og dei same oppfatningane av kva norsk kultur er, eller skil resultata seg sterkt frå kvarandre?