Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  5 (Kultur)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Religion og kultur
   
  5. KULTUR
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Religion og kultur

Læreplanen seier

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • gje døme på korleis religion påverkar samfunn og kultur
  • definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid

Forslag til undervisningsopplegg:

I dette undervisningsopplegget skal elevane arbeide i grupper med religion og kultur. Kvar gruppe vel ein religion og presenterer dei kulturelle særtrekka ved religionen for samfunnsfaggruppa. Gruppene står fritt til å velje kva for ein religion dei vil, men dersom dei vel ein annan enn dei religionane dei finn på lista under, må elevane finne relevante nettstader og stoff om emnet sjølve. Gruppene står også fritt til å velje på kva måte dei vil presentere resultatet av arbeidet for resten av klassen.

Det er viktig at læraren presiserer at elevane skal leggje vekt på samanhengen mellom religion og kultur. Gruppene skal altså ikkje fokusere på innhaldet i religionen, men på kva kulturelle trekk som har opphav i religionen, som for eksempel høgtider, mat- og klesskikkar, normer og verdiar.


Nettstader:

Artikkel frå Wikipedia om kristendommen (sjå også lenkjer til slutt i artikkelen)

Nettstaden til Den norske kirke

Artikkel frå Wikipedia om katolisismen (sjå også lenkjer til slutt i artikkelen)

Nettstaden til Den katolske kyrkja i Noreg

Artikkel frå Wikipedia om jødedommen (sjå også lenkjer til slutt i artikkelen)

Nettstaden til Det Mosaiske Trossamfund i Oslo

Artikkel frå Wikipedia om islam (sjå også lenkjer til slutt i artikkelen)

Nettstaden islam.no

Artikkel frå Wikipedia om buddhismen (sjå også lenkjer til slutt i artikkelen)

Nettstaden til Buddhistforbundet

Artikkel frå Wikipedia om hinduismen (sjå også lenkjer til slutt i artikkelen)

Hindutempelet på Ammerud” av Hans Philip Einarsen