Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  5 (Kultur)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kulturell globalisering
   
  5. KULTUR
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kulturell globalisering (kap. 5, 6 og 13)

Læreplanen seier:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
  • definere omgrepet kultur og gje døme på at kultur varierer frå stad til stad og endrar seg over tid

Globalisering er eit viktig trekk ved vår tid, og pregar kvardagen vår i stadig større grad. I dette undervisningsopplegget skal elevane konsentrere seg om den kulturelle globaliseringa, og opplegget passar derfor på tvers av kapittel 5 (”Kultur”), 6 (”Kulturmøte”) og 13 (”Ei verd utan grenser”) i Streif.

Nettstadene under er først og fremst meint som bakgrunnsstoff, det vil seie tekstar elevane kan lese for å få innspel til kva dei kan tenkje på, og kvar dei eller læraren kan leite vidare etter meir informasjon.


Forslag til undervisningsopplegg:

Be elevane om å ta for seg ein vanleg dag: kleda deira, alt dei et og drikk, musikken dei hører på, filmane dei ser, nettstadene dei er inne på, alt dei les.

Kvar kjem alt frå, kvar er varene og tenestene produserte? Be dei lage ei liste.

Andre moglege problemstillingar som elevane kan arbeide med i grupper:
  1. Kva inneber kulturell globalisering?
  2. Korleis pregar den kulturelle globaliseringa verda?
  3. Korleis pregar den kulturelle globaliseringa kvardagen vår?
  4. Kva er bakgrunnen for at den kulturelle globaliseringa pregar kvardagen vår i stadig større grad?
  5. Kva positive konsekvensar har den kulturelle globaliseringa?
  6. Kva negative konsekvensar har den kulturelle globaliseringa?

Nettstader:

"Begrepet globalisering". Frå FN-sambandet.

Hva er globalisering?” Artikkel frå forskning.no, 2002.

Iver Neumann: "Hva betyr globalisering for endring i identitet og kultur, og hva blir konsekvensene for Norge?" NUPI, 06.12.07. Publisert på nettstaden til Utanriksdepartementet.

Hans Erik Næss: "Kulturell globalisering er ikke amerikanisering". Artikkel frå Samtiden nr. 4, 2005.

Globalisering og norsk kultur” Artikkel publisert på daria.no av anonym forfattar, 2007.

Ingrid Kristine Hasund: ”Det globaliserte ungdomsspråket”. Publisert på nettstaden til Kulturrådet, 2002.

Ungdom vil ha engelsk, ikke norsk”. Artikkel frå VG, 2008.