Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  6 (Kulturmøte)   >  Til læraren  >  Å tolke bilete  >  Bilete side 76-77
   
  6. KULTURMØTE
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Biletet på side 76-77 i læreboka

Samfoto/Knut Egil Wang
Jæren, 2007: Uvanleg godt integrert i den lokale kulturen - eller annleislandet i full blomstring?


Nokre punkt til ei tolking:

Kva ser vi?

Både framgrunnen og bakgrunnen i biletet er mørk. To utelamper med sterkt lys forsterkar neonskiltet på taket av McDonald‘s, og blikket blir drege mot den retninga som traktoren kjører. Vi ser traktoren godt, plassert framfor bygningen og med refleksar av lys over seg. I framgrunnen skimtar vi det tradisjonelle steingjerdet på Jæren.

Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?
  • Vise at tradisjon og modernitet lever side om side?
  • At det lokale og det globale godt kan leve saman?
  • Utfordre fordommane våre? Ler vi av denne samanstillinga, og kvifor gjer vi i så fall det? Har vi fordommar om Bygde-Noreg?
  • Åtvare mot kunstige og sterile innslag i tradisjonsrike bygdekulturar? Seie at McDonald‘s-imperialismen snik seg inn overalt og øydelegg tradisjonelle verdiar og landskap?
  • Eller er det berre eit fint bilete av ein traktorførar som skal kjøpe seg mat – ei tilfeldig hending?
  • Kva med oss som ser? Ser vi det berre som eit flott bilete – til og med som eit poetisk bilete av eit utsnitt av ein røyndom vi kjenner?

Biletet er henta frå boka Traktorland av Knut Egil Wang (Cappelen 2008). Traktorland er ei fotobok om traktorar og traktorkultur på Jæren. Sjå www.knutegilwang.com for fleire bilete i same serie.