Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  6 (Kulturmøte)   >  Til læraren  >  Å tolke bilete  >  Bilete side 80-81
   
  6. KULTURMØTE
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Biletet på side 80-81 i læreboka

All Over Press/Magnum Photos/Ferdinando Scianna


Oppgåve 18 i boka:

Studer biletet på side 80–81. Kva ser du på biletet? Kva inntrykk gir forholdet mellom framgrunn og bakgrunn? Kjenner du igjen noko i komposisjonen på biletet frå andre medieoppslag om ulike grupper i samfunnet?


Nokre punkt til ei tolking:

Kva ser vi?

Vi ser eit halvt ansikt med mørk hudfarge, med fokus på dei brune auga. Bak henne er eit utsnitt av eit anna ansikt med kvit hudfarge og blå auge.
Jenta i framgrunnen ser alvorleg inn i kameraet, blikket er tomt og matt. Blikket i bakgrunnen lyser klart og blått mot oss.

Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?
  • Kor sårbare innvandrarar i eit framandt land er, og særleg innvandrarar som skil seg ut frå majoritetsbefolkninga?
  • Vil fotografen samtidig gi oss assosiasjonar i retning av at individet er sårbart og framandgjort i eit samfunn der alt blir kontrollert av staten? Og at minoritetar har eit særleg problem fordi dei også må innrette seg etter majoriteten? Tankane våre blir dregne i retning av eit kontrollsamfunn: Storebror ser deg.
  • Det er også noko ved biletet som dreg oss i retning av science fiction og datastyrte hovud eller individ. Vi skal kanskje få sympati med den eine mot dei mange, med individet mot kollektivet?
I dette perspektivet kan det vere interessant også å vurdere bileta på side 43, 100–101, 170–172, 180–181, 202, 210–211 og 214.

Det er ein vanleg medieteknikk å framheve individet for å få merksemd om ei sak, for eksempel:
  • einskildindividet som offer for ei gruppe eller for storsamfunnet
  • einskildindividet som hevar seg over grupper og/eller storsamfunn
Be elevane for eksempel om å studere medieoppslag som har å gjere med store idrettsarrangement, næringslivssaker, kriminalsaker, menneske som ikkje får rettane sine eller hendingar frå Helse-Noreg.