Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  6 (Kulturmøte)   >  Til læraren  >  Å tolke bilete  >  Bilete side 78 og 79
   
  6. KULTURMØTE
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Bileta på side 78 og 79 i læreboka

All Over Press/Dagbladet/Aleksander Nordahl
Frå eit gjengmiljø i Oslo



All Over Press/Magnum Photos/Martin Parr
Frå feriestaden Benidorm i Spania


Oppgåve 17 i boka:

Kva ser du i framgrunnen? Kva ser du i bakgrunnen? Er det noko du finn påfallande? Kva tolking synest du fotografane legg opp til?


Biletet på side 78:

Kva ser vi?

Framgrunnen er dominert av halve ansiktet til ein ung mann. Auget og blikket ser rett på oss. Handa dekkjer over nedste delen av ansiktet. Vi ser at han har øyrering, han har mørk hudfarge og er kledd i ei svart T-skjorte.
Guten ønskjer å dekkje seg til og vere anonym. Kvifor?

Gutane i bakgrunnen vender ryggen til oss. Dei vil også vere anonyme. Vi ser at dei er unge, ut frå klesdrakt, kroppsbygnad og kroppshaldning. Er det skotsikre vestar dei har på seg?

Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?

Jamvel utan bilettekst hadde nok tolkinga vår gått i retning av eit gjengmiljø, kriminelle innvandrarar i det moderne Noreg. Dei er ikkje einskildindivid for oss, men representerer visse grupper som vi kjenner til via medieoppslag.
Vil fotografen da utfordre fordommane våre om at «alle svarte unggutar er noko vi bør vere redde for»?


Biletet på side 79:

Kva ser vi?

Framgrunnen er dominert av eit eldre par som vi ser bakfrå. Dei er kvite, dei er anonyme og dei har like hovudplagg. Vi trur dei er eldre, ut frå det vi ser av kroppshaldning og klesdrakt. Vi ser at dei er i «Syden» ein stad, fordi dei ser på eit strandmiljø, og fordi vi ser noko som minner om hotellkompleks i bakgrunnen.

Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?

Biletteksten seier kvar vi er, og vi veit at mange norske pensjonistar har langtidsferie eller feriebustad i Spania. Men vi hadde vel kunna gjette det likevel? Dei er framande på staden der dei er, dei er tilskodarar. Vi ser ikkje ansiktsuttrykket deira. For fotografen er det tydeleg at det er paret som er objektet.


Begge bileta:

Kva vil fotografane fortelje oss med desse bileta?
  • Bileta er tydeleg arrangerte og signaliserer ei haldning hos fotografane. Kanskje vil dei utfordre stereotypiane våre om ulike grupper? Vi har så lett for å dømme utan å tenkje på einskildtindivid.
  • Eller vil dei vise at den eine gruppementaliteten og gruppeåtferda ikkje er noko betre enn den andre?
  • Eller vil dei ganske enkelt hengje ut det dei oppfattar som klare grupper i Noreg?