Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  6 (Kulturmøte)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Kva tankar har elevane om ...?
   
  6. KULTURMØTE
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kva tankar har elevane om kulturmøte?

Før ein begynner med eit nytt kapittel, kan det vere interessant å sjå kva tankar elevane har om emnet for det aktuelle kapittelet. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal ha så mange tankar om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei fleire tankar og meiningar om eit emne enn dei trur.

Kapittel 6 handlar om kulturmøte. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:
  • Kva er ein fordom?
  • Kva er positivt i eit fleirkulturelt samfunn?

I kartlegginga av kva tankar elevane har om emnet kulturmøte, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel diskutere spørsmåla i fellesskap i klassen eller arbeide med dei i grupper:


A) Klassediskusjon

Læraren ber elevane ”tenkje høgt” og komme med tankane deira om kvart spørsmål. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer ein god del stikkord som utgangspunkt for ein felles diskusjon.

Kanskje det også kan vere interessant å stille dei same spørsmåla til elevane etter at dei har arbeidd med kapittelet? Kva tenkjer dei no på når dei hører omgrepet fordom, og kva meiner dei no er positivt i eit fleirkulturelt samfunn? Er svara dei same, eller har elevane endra oppfatning?

B) Gruppearbeid

Læraren deler klassen inn i grupper. Kvar gruppe tek for seg dei to igangsetjingsspørsmåla og noterer ned stikkord. Etterpå skal gruppene presentere stikkorda sine for resten av klassen.

Har gruppene dei same assosiasjonane til kva ein fordom er, og dei same oppfatningane av kva som er positivt i eit fleirkulturelt samfunn, eller skil resultata seg sterkt frå kvarandre?