Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  6 (Kulturmøte)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Minoritetskulturar
   
  6. KULTURMØTE
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Minoritetskulturar

Læreplanen seier

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn

Forslag til undervisningsopplegg:

Vi skil ofte mellom nasjonale minoritetar – som kvener, samar, romfolket, taterar og jødar – og nye minoritetar – som tyrkarar, vietnamesarar, pakistanarar, polakkar osb. I dette undervisningsopplegget skal elevane bli kjende med og arbeide med nokre av dei nasjonale og nye minoritetsgruppene i Noreg. Resultatet av arbeidet kan for eksempel vere ei veggavis der minoritetsgruppene blir presenterte.

Klassen blir delt inn i grupper. Kvar gruppe vel ei minoritetsgruppe som er representert i Noreg i dag, og gjer greie for hovudtrekk ved kulturen deira. Nettstadene under kan hjelpe elevane i valet av gruppe og i informasjonsinnhentinga. Dei to første lenkjene gir dei ei oversikt over innvandrargrupper i Noreg i dag, mens dei andre lenkjene inneheld informasjon om utvalde minoritetsgrupper. Til slutt finn du også ei lenkje til Utrop – den første fleirkulturelle avia i Noreg, som kanskje kan vere nyttig dersom dei ønskjer å fokusere på ei dagsaktuell sak knytt til den minoritetsgruppa dei har valt.

Elevane vel sjølve korleis dei vi presentere funna sine. Da vil nok variasjonen mellom kvar veggavis bli større enn om det blir lagt for store føringar på førehand. Det kan òg vere eit godt utgangspunkt for ei samanlikning av veggavisene, og diskusjon om kva fokus dei ulike gruppene har valt.


Aktuelle nettstader og artiklar:

Tabell frå Statistisk sentralbyrå som viser dei største innvandrargruppene i Noreg.

Artikkel om innvandrarar i Noreg frå Wikipedia. Her kan du finne artiklar om alle innvandrargruppene ved å klikke på lista.

Artikkel om taterar frå Wikipedia (sjå også lenkjene til slutt i artikkelen).

Artikkel om romanifolket frå Wikipedia (sjå også lenkjene til slutt i artikkelen).

Artikkel om tyrkarar frå Wikipedia (sjå også lenkjene til slutt i artikkelen).

Artikkel om pakistanarar frå Wikipedia (sjå også lenkjene til slutt i artikkelen).

To artiklar frå Drammens Tidende om tyrkarar i Noreg: "Hjertet og tankene i Tyrkia" og "Har bestemt seg for å bli i Norge".

Tavringen er den einaste nettavisa i Noreg for minoritetsgruppa romanifolket (taterane/dei reisande), med nyheiter, nettsamfunn og web-tv.

Nettsidene til Norsk-vietnamesisk senter.

To artiklar frå adressa.no: ”Polakkene som bygger Norge” og ”På jakt etter nederlendere”.

Om jødane i Noreg. Frå det mosaiske trossamfunn.

Sametingets nettstad for ungdom som vil lære meir om Sametinget og om samer og samepolitikk.

Utrop – den første fleirkulturelle avisa i Noreg.