Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  6 (Kulturmøte)   >  Til læraren  >  Undervisningsopplegg  >  Introduksjonsprogrammet for flyktningar
   
  6. KULTURMØTE
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Introduksjonsprogrammet for flyktningar

Læreplanen seier:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
  • beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn
  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag

Introduksjonslova:

Formålet med denne loven er å styrke nyankomne innvandreres mulighet for deltakelse i yrkes- og samfunnslivet, og deres økonomiske selvstendighet.

(Frå §1. ”Lovens formål” i kapittel 1 i Introduksjonsloven)


1. september 2004 blei det innført eit introduksjonsprogram for flyktningar som nyleg har komme til Noreg. Målet med programmet er å hjelpe flyktningane til å bli integrerte i det norske samfunnet på så raskt som mogleg. I programmet inngår blant anna arbeids- og språkpraksis. Busetjingskommunen er ansvarleg for å gi flyktningane eit individuelt tilpassa introduksjonstilbod.


Forslag til undervisningsopplegg:

I arbeidet med introduksjonsprogrammet for flyktningar finst det mange ulike innfallsvinklar. Under har vi har skissert tre forslag til korleis klassen kan arbeide med dette programmet. Det er sjølvsagt opp til læraren om elevane skal arbeide med alle dei tre innfallsvinklane, eller om dei berre skal arbeide med eitt eller to av punkta under.

Undervisningsopplegget passar best som gruppearbeid.


A) Kartlegging

Gruppene får i oppdrag å kartlegge korleis situasjonen er når det gjeld introduksjonsprogrammet for flyktningar i kommunen. Kva tilbod finst, og kor mange deltek i programmet?

Kartlegginga kan anten bli gjennomført gjennom kontakt med flyktningkonsulenten i kommunen, eller gjennom informasjon frå Internett eller andre kjelder.


B) Intervju

Gruppene får i oppdrag å intervjue kvar sin person som deltek/har delteke i introduksjonsprogrammet for flyktningar i kommunen. Kva erfaringar har han eller ho med dette programmet?


C) Lage eit opplegg for ein fiktiv flyktningefamilie i heimkommunen

Elevane får i oppdrag å lage eit opplegg for ein fiktiv flykningfamilie som snart kjem til kommunen.

Elevane må først avgjere kvar familien kjem frå, kva som er årsaka til flyktningstatusen deira, og kor mange personar familien består av. Så må dei lage ei liste med spørsmål som er viktige å tenkje på før dei kjem til kommunen (sjå nokre forslag under).
  • Kva omsyn bør kommunen ta til dei ulike familiemedlemmene? Har dei for eksempel barn som treng barnehage- eller skoleplass? Finst det arbeid å få i kommunen eller nabokommunen?
  • Kvar skal dei bu? Kva treng dei av praktiske ting til å begynne med?
  • Korleis kan kommunen leggje best til rette for at familien blir integrert i nærområdet og i lokalsamfunnet?
  • Kva med språklege utfordringar?
  • Er det nokon spesielle omsyn kommunen bør ta med tanke på deira kulturelle/religiøse bakgrunn?
  • Er det nokon spesielle omsyn kommunen bør ta med tanke på deira livssituasjon, som for eksempel traumatiske opplevingar?
  • Kva med praktisk informasjon? Kva informasjon treng dei, og korleis får dei tak i denne informasjonen?
  • Korleis bør kommunen motta flyktingfamilien når dei kjem til kommunen?