Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  5 (Kultur)   >  Test deg sjølv  >  Utfyllingsoppgåver  >  Kultur
   
  5. KULTUR
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Kultur

Den samiske folkegruppa omfattar i dag om lag 50 000 personar, busette i Noreg, Sverige, Finland og . Samane i Noreg har politisk status som og har derfor visse særrettar som har til formål å ta vare på samiske næringar og tradisjonar. er folk som heilt eller delvis har halde på den tradisjonelle kulturen sin, og som levde i eit bestemt landområde før storsamfunnet overtok det, eller før den staten dei no er ein del av, blei etablert.

Samisk kultur er i utgangspunktet grunnleggjande ulik norsk kultur, med eit eige språk, naturnære levevegar som og fiske og eit livssyn basert på ein naturreligion. Den særeigne samiske musikkforma, , er mange tusen år gammal og fortel mykje om det nære forholdet samane hadde og har til naturen. I den samiske naturreligionen spela eller sjamanen ei viktig rolle. Ein kan på mange måtar samanliknast med ein prest, og noaidane tolka åndeverda ved hjelp av ei spesiell tromme, . er det tradisjonelle samiske klesplagget. Frå midten av 1800-talet og fram til 1960-åra blei den samiske befolkninga utsett for ein systematisk og kulturundertrykkjande . Samiske elevar hadde ikkje lov til å snakke samisk på skolen, dei fekk ikkje dyrke sin eigen religion, og joiking blei fordømd som syndig. Norske styresmakter påla samane å undertrykkje alle element i den samiske kulturen til fordel for det norske.

førte til at samane skjulte sin eigen kulturelle identitet. Mange slutta å snakke språket sitt og gjekk bort frå sin eigen religion. Somme våga ikkje å fortelje at dei var samar. I somme familiar blei det halde hemmeleg for barna at dei eigentleg var samar. Så sterkt var tabuet at jamvel i dag er det ikkje alle som veit om den samiske familiebakgrunnen sin.





« Tilbake