Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  6 (Kulturmøte)   >  Test deg sjølv  >  Utfyllingsoppgåver  >  Det fleirkulturelle samfunnet
   
  6. KULTURMØTE
 
Oppgåver
 
Test deg sjølv
 
Første utgåve (2006)
 
Tilleggsstoff
 
Streif som lydbok
 
Til læraren
 
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15

Det fleirkulturelle samfunnet

Det fleirkulturelle samfunnet

I alle samfunn lever det folk med ulik etnisk bakgrunn. eller flytting har gått føre seg til alle tider og er dermed ikkje noko nytt. Vi tenkjer ofte at Noreg var eit etnisk homogent samfunn heilt fram til slutten av 1960-åra, da innvandrarar begynte å komme til Oslo for å arbeide. var dei første ikkje-vestlege innvandrarane til Noreg, men det har alltid vore innvandrarar og minoritetsgrupper her i landet.
Menneske som buset seg i eit anna land enn heimlandet, må tilpasse seg andre forhold og møter forventningar og krav om å la seg . Det vil seie at dei lærer språket og dei sosiale kodane i det nye landet, og at dei kjenner til og respekterer dei reglane som gjeld i samfunnet. Men det er samtidig viktig å ta vare på den opphavlege kulturen sin eller delar av han, og å kunne ta vare på sin eigen identitet jamvel om ein tilpassar seg noko nytt. Dersom alle som kom til Noreg, hadde måtta melde seg inn i Den norske kyrkja, hadde det vore eit krav om . Eit anna tenkt eksempel ville vere eit forbod mot visse klesdrakter eller mot å snakke bestemte språk.
Kunnskap om kulturar kan føre til auka forståing og toleranse for andre, eller forsterke ei førestelling ein hadde på førehand om kor annleis dei andre er, og kor bra ein sjølv er. Ei haldning vil seie at ein prøver å sjå andre kulturar frå desse kulturane sin ståstad. Den som har ei slik haldning, ønskjer å vere open overfor andre kulturar. Da må ein setje seg inn i ein annan situasjon og observere skikkar og tradisjonar utan å prøve å rangere kulturar etter kvalitet, moral eller utviklingsnivå. Det motsette av kulturrelativisme er . Ein person ser på sin eigen kultur som den beste og rangerer andre kulturar etter kor like dei er den. er eit menneskesyn som går ut på at visse etniske grupper eller kulturar er lågareståande eller mindre verdt enn det folkeslaget eller den kulturen ein sjølv hører til.





« Tilbake